Sector Media AS  |  Kildals vei 17 A   |  0678  Oslo  | Tlf: 23 15 85 00
Skip Navigation Links.
Information in English Informationen in Deutsch
 Abonner (RSS)

    

Utopia: Med skjåkvær ved roret

I 1959 reise ein ung skjåkvær til sjøs – noko som slett ikkje var uvanleg for karar frå Ottadalen på den tida. Etter kvart vart karen kaptein på eiga skute, og etter mange år i cruisefart var han med på å utvikle, bygge og segle «The World of ResidenSea» – eller «Harsheimsnekka» som skipet litt mindre høgtidssamt vart kalla lokalt i Skjåk. Nå byggjer Ola Stein Harsheim ny båt – og Fjuken har vore på besøk.


Tekst og bilete: Lars Ole Ørjasæter

Det nye båtprosjektet heiter Utopia og er eit skip som skal segla verda rundt – både med fastbuande og meir vanlege cruice-gjestar. «Vanlege» er kanskje ikkje det rette ordet her da hotelldelen skal drivast av ei luksushotellkjede. Dette er derfor eit skip som høver mest for dei med velfylt skillingbok, og prislappen på heile prosjektet er på rundt 1,1 milliardar USD (NOK 6,6 mrd.) – rundt det dobbelte av det «The World» kosta.
   Har du tenkt å kjøpa eit lite krypinn og vera med på jordomsegling, er startprisen på rundt USD 4 millionar – eller NOK 24 millionar. Da får du 140 kvadratmeter med eit par soverom, bad, stove og eige kjøken.
   Mange kjøken på ein båt utover den tradisjonelle byssa har ikkje vore vanleg, og «The World» var den fyrste båten med privat kjøken i kvart husvære. For å få til dette, samarbeidde Ola både med marinearkitektar og internasjonale styresmakter som IMO (International Maritime Organization) – eit arbeid som nå kjem Utopia tilgode.
   Dersom ein ynskjer husvære heilt på toppen framme, er det mogleg å sikre seg 600 kvadratmeter for USD 35 millionar (NOK 210 millionar). Det er to slike – og det er faktisk ein som lurer på å kjøpe båe husværa...
   Totalt vil det bli 200 husvære for faste «residents» og 175 hotellsuitar (ordet lugar strekk nok ikkje heilt til her…).
   For tida vert alt planlagt ned til minste detalj saman med det same «teamet» som arbeidde med «The World», og dei fleste av desse er norske. Om eit års tid eller så startar bygginga ved eit skipsverft i Europa, og når båten er på vatnet, vil den segla under flagget til Bahamas og vera registrert i hovudstaden Nassau.

God plass
Det er ikkje nokon småbåt han er i ferd med å bygge, Harsheimen. Dei vitale måla er 299 meter lang, 37,6 meter brei og den stikk 8,3 meter ned i vatnet. Totalt er det 17 dekk (sjølv om ein heller ikkje på Utopia vil finne dekk 13 – så det er eigentleg berre 16…), og Utopia har ein gross tonnasje (innvendig volum) på 108.000 tonn. Båten stikk meir enn 50 meter opp i veret, men det ein reknar med er såkalla «airdraft». Denne høgda er på høgda 50 meter, men da er både masta lagt ned og toppen av skorsteinen vippa ned. Dette gjer at ein kan koma til fleire plassar som ville vera umoglege å nå med høgare båt.
   Utopia har ein maksfart på 22 knop (som er nesten 41 kilometer i timen for den som held seg på landjorda), men Ola fortel at ein for det meste vil halde seg på rundt 18 knop (vel 33 km/t) i rom sjø – for at drivstofforbruket ikkje skal ta heilt av.
   Med meir enn femtiårs erfaring på sjøen (og nå med tittelen Utopia Senior Vice President Newbuilding and Ship Operations), er det det aller nyaste som er på marknaden som vert brukt når Ola planlegg noko av det mest luksuriøse ein kan finna på ei kjøl. Sjølv om Utopia vil vera «stinn av luksus», har kapteinen likevel lagt ned forbod mot ein del materialar som til dømes messing og marmor. Dette blir altfor dyrt å vedlikehalde, noko alle veit som har pussa messing eller sølt te på eit marmorgolv.

«Propellror»
På Utopia vil ein i staden for propellar som sit på ein aksling som kjem frå motoren, nytta to såkalla POD'ar, svenskproduserte elektromotorar frå ABB, som også fungerer som ror. Propellane sit i framkant av POD'ane og «dreg» båten gjennom vatnet – noko som både reduserer vibrasjonane i båten og sparar drivstoff – så mykje som 10-12 prosent.
   – Da vi bygde «The Wold» var dette for ny teknologi, men nå veit vi at det fungerer, fortel Ola.
  Ein annan føremon med POD'ar er at ein kan vri dei 360 grader. Når ein legg til kai står den eine i lengderetning til skipet, medan den andre står i 90 grader. Saman med dei tre baugpropellane – trustarane – har ein såleis full kontroll, og ein kan snu på femøringen.
   Trustarane er også basert på ny teknologi. Tidlegare var desse plassert inne i eit røyr – noko som ga vibrasjonar i skroget. Siste nytt på denne fronten er «røyr-i-røyr» der propellane ligg i eit røyr som er isolert frå skroget, noko som gjev mindre vibrasjonar.
   Elles kan Ola fortelja at Utopia har såkalla isklassifisering – det vil si at den tåler å gå i islagte farvatn – sjølv om dette langt frå er nokon isbrytar.

Ei verd for seg sjølv
Utopia vil ha eit mannskap på 550 til 600 personar, og samtlege er håndplukka. Ola fortel at offiserane er norske medan resten av mannskapet kjem frå heile 30 nasjonar.
   – Korleis får du folk frå så mange forskjellige kulturar til å arbeide saman?
   – Sjølv om arbeidsspråket om bord er engelsk, må alle få lov til å vera stolte av det dei er og landet dei representerer. Det nyttar ikkje å prøve å gjera alle like. Difor har eg i mange år nytta mannskapsmessa som ein plass der den einskilde blant anna kan kan fremja sin eigen mat og kultur. Dette har vore ein «resept» som fungerer, seier Ola.
   Kven som etter kvart kjøper seg husvære om bord eller leiger seg inn for ei stuttare periode, veit ingen per i dag, sjølv om nokre alt har bestilt og mange er interesserte.
   – Sjølve salet byrjar ikkje før vi er i gang med bygginga av Utopia – det vil si i 2013, seier Ola som har mykje ekstra å by på til den som vil ha flytande husvære. Om ein går trøytt av å sjå utover sjøen, er det likevel mangt å ta seg til: Fem restaurantar, golf, tre symjebasseng, klatrevegg og utandørs kino er nokre av spesialtilboda. Casino, teater med plass til 525 personar, nattklubb og klubb for dei yngre, symjebasseng, reataurantar og kunstutstilling er det også om bord. Butikkar blir det sjølvsagt óg nokre av – deriblant ein med daglegvarer.
   – Samvirkelag må vi ha, slår kapteinen fast – som sjølv voks opp i andre etasje på Nordberg Samvirkelag der faren var bestyrar. Om ein får tilbod ved å visa medlemskortet i Coop, veit vi ikke…

Kuriositar
Det hender at sjølv folk med lang erfaring ikkje tenkjer på absolutt alt ein kan koma til å få bruk for når ein konstruerer båt. Da er det godt å få ein ny sjanse…
   – På «The World» hadde vi sjølvsagt vinkjellar, men det vi ikkje hadde rekna med var at dei fastbuande var i land og kjøpte sin eigen vin – og gjerne nokre kasser i slengen. Løysinga vart at vi lagra privat vin saman med «husets» – noko som kunne føra til problem om det var nokon som gjekk i feil kasse. Derfor har vi tre «vinkjellarar» for dei fastbuande på Utopia.
   – Tre? Raud, kvit og…
   – Pels, ler Ola.
   – Dersom du bur om bord, har du sjølvsagt med deg pelsane dine – og dei må lagrast ved rett temperatur.
   Utopia har også eigen «sykkelstall».
   – Dette var óg noko vi drog lærdom av etter å ha bygd «The World». Vi såg for oss at dei fastbuande ville bestille seg fine bilar som kom og henta dei på kaia når vi la til land, men slik var det ikke. Dei ville heller sykle rundt og gjera seg kjende – noko som i starten var eit lite problem både fordi vi berre hadde syklar til dei tilsette i høve forsikringa og kva som ville skje om dei velta og skadde seg med ein sykkel som høyrde til på båten. Dette er nå løyst, og på Utopia vil det vera flust med syklar. Det viser seg at sjølv om ein er rik, kan ein vera ganske normal likevel, humrar Ola.

Miljø på alvor
Ola Harsheim nyttar norske leverandørar når han kan, og det er Det Norske Veritas som etter kvart har det siste ordet før båten kan setjast i drift.
   «Green & Clean Ship» er ei av rettesnorene når Utopia vert planlagd, og bak skorsteinen på det øvste dekket er det heile 550 kvadratmeter med solceller. Med det nyaste innan denne teknologien, produserer cellene nok straum til alle lys ein treng på båten natterstid – noko ssom sparar både drivstoff og miljø.
   Da Ola var med og bygde The Wold, samarbeidde han mykje med eit firma i Tønsberg som heiter Scanship AS. Dei er ekspertar på renseteknologi innan vatn, matavfall og restavfall, og den gongen heitte det seg at det vatnet ein dusja i om morgonen var det same som ein kunne tynne whiskyen med i baren om kvelden. Det var kanskje ikkje heilt sant, men etter rensing var gråvatnet drikkbart, og det som vart sleppt ut frå «The World» var mykje reinare enn det vatnet ein fann i hamnebassenga rundt om i verda. Nå er Scanship på plass att med det siste og nyaste for å gjera Utopia til eit ekte «miljøskip» der det meste vert resirkulert eller brent til havs ved høg temperatur.

Filantropi
Ola Harsheim og dei andre som står bak Utopia er ikkje berre opptekne av å bygge ein luksusbåt. Dei har også drege inn ein god porsjon filantropi – det vil si å handle til beste for andre utan å tenkja på økonomisk vinning.
   – Vi ynkjer at Utopia også skal vera ein plass der fastbuande og hotellgjester lærer noko om verda rundt seg og plassane dei besøkjer – og gjerne slik at dei involverer seg økonomisk i ymse lokale prosjekt rundt om i verda. Dette er noko vi starta på «The World» da vi såg at bebuarane våre gjerne ville bidra økonomisk der ein trongde hjelp. Den gongen var vi blant anna med og støtta eit prosjekt rundt brystkreft i Istanbul, og på Utopia ynsker vi å setja dette meir i system gjennom organisert innsamling. Ideane våre har faktisk generert salg av husvære om bord, seier han.
   – Ei samanslutning som heiter «Organization of First Ladies» (med andre ord presidentfruer og andre «fyrstedamer») vil ha Utopia som møteplass, og tidlegare forsvarsminister Frank Carlucci ser også på Utopia som ein stad ein kan nytte i arbeidet for fred – til dømes i Midtausten og på Korea-halvøya, fortel Ola som vil ha ein eigen ansvarleg (concierge på pent fransk) som tek seg av filantropien på heiltid.

Snart pensjonist?
Ola Harsheim har planane klare for dei neste åra. Fyrst skal han ha ansvaret for bygginga av Utopia og så reknar han med å «stå til rors» det fyrste året. Deretter ventar pensjonistlivet som skal delast mellom huset i Las Vegas, slektsgarden og setra på Kollungen i Skjåk – om han klarer å halda seg unna dei sju hava…

For deg som vil vita litt meir:
• For dei med stinn skillingbok,
sjå http://www.utopiaresidences.com/
• Intervju med kapteinen,
sjå http://www.youtube.com/watch?v=winvlcLn9nE&feature=related
• Utopia har «salgskontor» i Rodeo Drive i Beverly Hills. I denne gata finn du det meste av fasjonable butikkar, og rett over gata frå kontoret til Ola Harsheim finn du skreddaren Bijan som syr dressane til dei amerikanske presidentane. Utanfor butikken har innehavaren parkert bilen sin. Ikkje heilt «bybil» kanskje – med 8 liter motor, 1001 hestekrefter og med maksfart på 408,47 km/t… Sjå http://www.youtube.com/watch?v=OIcjpEPaBq0
• Utopia er også på Facebook. Her er det fleire bilete som viser kva som finst på øvste dekk…
Sjå http://www.facebook.com/#!/utopiaresidences

Utopia har eige salgskontor i Rodeo Drive i Beverly Hills, ein ikkje heilt ukjend bydel Los Angeles. Rodeo Drive er den mest fasjonable handlegata i USA, og Ola Harsheim tek imot interesserte «by appointment only». Skjåkværar har sølvsagt ein viss føremon – sjølv utan stort kredittkort, og Ola hadde nok ikkje trudd at han skulle demonstrera båten for ein sambygding.
Utopia har eige salgskontor i Rodeo Drive i Beverly Hills, ein ikkje heilt ukjend bydel Los Angeles. Rodeo Drive er den mest fasjonable handlegata i USA, og Ola Harsheim tek imot interesserte «by appointment only». Skjåkværar har sølvsagt ein viss føremon – sjølv utan stort kredittkort, og Ola hadde nok ikkje trudd at han skulle demonstrera båten for ein sambygding.
Foto: Utopia Residences, USA.
Foto: Utopia Residences, USA.
Sjølv om det meste av Utopia framleis berre er på papiret eller på animert video, er det mogleg å sjå korleis kjøkenet og badet (biletet under)i husværet vil bli. Her er det ikkje spara på noko, og skulle du koma «heim» med ei flaske som eigentleg ikkje passa i kjøleskåpet, er det berre å trykke på ein knapp for å justere hylleavstanden.
Sjølv om det meste av Utopia framleis berre er på papiret eller på animert video, er det mogleg å sjå korleis kjøkenet og badet (biletet under)i husværet vil bli. Her er det ikkje spara på noko, og skulle du koma «heim» med ei flaske som eigentleg ikkje passa i kjøleskåpet, er det berre å trykke på ein knapp for å justere hylleavstanden.
Kontrast: Når Ola Harsheim ikkje er på sjøen, er han skiftvis på eit par av dei turraste plassane i verda – i Las Vegas der han har hus eller i Skjåk der han restaurert setra på Kollungen i Bråtå.
Kontrast: Når Ola Harsheim ikkje er på sjøen, er han skiftvis på eit par av dei turraste plassane i verda – i Las Vegas der han har hus eller i Skjåk der han restaurert setra på Kollungen i Bråtå.