Sector Media AS  |  Kildals vei 17 A   |  0678  Oslo  | Tlf: 23 15 85 00
Skip Navigation Links.
Information in English Informationen in Deutsch
 Abonner (RSS)

    

50-årshistoria til Bråtå skilag

Det er 50 år sidan Bråtå skilag vart til – i januar 1932. Ved ein slik milepel er det naturleg at ein stanar litt og ser seg attende, og tenkjer over kvifor og korleis det «vart som det vart» – slik Mathias Rusten frå Bråtå i Skjåk såg det.

Bilete kjem snart!

Føreord
Historia til eit skilag er ein ting, skihistorie noko anna. Det er likevel samanhang her, - det eine fyller ut det andre. Ein har lagt opp til ei blanding av dei to omgrepa.
   Ein har møtebøker for «Bråtålaget» u.l. og «Bråtå skilag» å halda seg til. Møtebøker seier ofte ikkje så mykje, iallefall ikkje nok. Det blir mest nakne data, snaue fakta og tørre referat i ei slik. Møtebøkene ein her har for handa er ikkje noko unnatak. Vil ein finna noko av det andre som rørde og levde i og omkring laga må ein ned i andre kjelder. Ei slik kjelde er «uskrivne minnebøker», det vil seia muntlege overleveringar.
   50 år etter skipinga av «Bråtå skilag» var nokre av dei som var med frå første stund samla. Møtet vart halde med tanke på å få fram minner og historier og i nokon munn personar frå denne tida og frå tida før, så langt attende som mogleg, og få dette skreve ned.
   Det viste seg at mange mintes mangt. Ein del av dette stoffet blir da teke med som supplement og tillegg til klåre fakta frå møtebøkene. At sumt av dette kan ha fått litt «sagasus, minneglans og alders patina» over seg får så vera.

Mathis Rusten, Bråtå i Skjåk

Kom dei på ski?
Kom dei første «rydningsmenn som bygde heim i denne grend» til Bråtå på ski? Ein veit det ikkje, men truleg er det at dei nyttaski so langt inne i villmarka som dette var den gongen.
   Det var Rik-Tosten Skjelle på Dovre som åtte Skjåk-Almenninga på denne tida. Det er i første halvdelen av 1730-åra. Dette belet sette han i gang stor tømmerdrift i Ostradalen. Nokre av tømmerhoggerne var frå Dovre. Av desse var det fire som fekk hand over noko rydningsjord her. Dei braut åker, bygde hus og busette seg. Det kom fleire etter kvart, Bråtågrenda vart til.
   «Snogfalle kan vera stort surne vintre, og når o'vere laustna som verst, er de hart nok å kave se fram hus-millom», skriv Ivar Kleiven i bygdaboka «Lom og Skjåk» (rundt 1910). Under slike ver- og føreforhold i ei inne- og utestengd grend som Bråtå var den gongen, var nok skia eit naudsynt framkomstmiddel. Ved svaldøra til den første stugua stod det truleg reist opp ski alt første vinteren. Det vart fleire hus med fleire ski etter kvart. Snart sto eit par mindre ski jamsides dei store. Ungar kom til verda og kom i «skiaIder» og den alderen var ung da som no. Om dei ikkje var «fødde med ski på føtene» so vaks dei, laut veksa opp, med og på ski. Dei lærde fort å ta seg fram og å renna utforbakke med. Brattbakkut som det var, bar det unna om dei ville det eller ikkje. Til skulen kom ungane, jenter som gutar på ski, ofte lærarinna eller læraren med.
   I skog og på fjell var skia mykje nytta. Til «kremaren» og alt anna nede i bygda gjekk dei på ski. Turen heimatt kunne vera slitsam med tung sekk på ryggen og «lampolidonken» slengande og skvamplande i handa. Postmannen, da det lei så langt at det var fast ombering, laut ta seg fram på ski dagevis i uversbolker vinterstid. Det var ei lang og hard postrute, om lag tre mil att og fram. Skia var ikkje berre eit tenleg, men eit heilt naudsynt framkomstmiddel i Bråtå i «gamledågå». Og denne tida, desse «gamledågå» varte langt på veg opp i vår tid.

Ski- og skiutstyr i «gamledågå»
Skitypa som var i bruk i Bråtå – iallfall fram til hundradårskiftet – var vel mykje godt lik den som mest var i bruk i det sørlege Norge. Det mest nytta treslaget til emne var furu, ein liten avvik var tennarfuru. Bjørk og rogn var nok og nytta i nokon mon, men det var vanskeleg å finne brukbare emner av desse treslaga. Skiene var breie og lange etter dagens målestokk. Breidde og lengd kunne nok vera noko ulik. Mange gjorde skiene sine sjølve og forma dei etter eiga røynsle og eige bruksformål. Det var nok mykje om å gjera at dei bar godt oppe i djup laus-snø. Eirik Brenna her i Bråtå hadde noko uvanleg store – og med det – tunge ski. Skiene til Eirik vog 10,250 kilo, var 290 cm lange, 18 cm breie i bretta og 11,5 cm på midten og bak. Bindinga var vyutåband med «travyu», og vyua i tåbandet var opptil 5 cm tjukk. Skiene er i Brenna enno.
   Nebbane i skibretta i denne tida gjekk ikkje ut i null som er det vanlege i dag. Dei var ofte svært forseggjorde, var skorne ut. Skore til skapnader av fuglehugu, hestehugu eller ormehugu, noko som minte om drakehugu fanst og. Ein må stana litt og undra seg noko her. Med litt ettertanke og litt fantasi kan ein likna det heile saman med drakehuguene på vikingskipa, drakehugua på kyrkjer og saker og ting frå farne tider. Etter gamal folketru skulle drakar og andre dyreskapnader verna folk mot usynlege, vonde makter. Kan det vera ein samanheng her, eller er det berre det «at auga og må hava sitt»?
   Bindinga på skiene var enkel, det var berre tåband. Granne bjørkerenningar vridd til viyu var lenge i bruk til tåband på ski. Kan henda den «skibindinga» som har hatt lengst bruks- og levetid. Ein laut ha hol gjennom «traet», midten på skia, til dette tåbandet. Dette holet gjorde nok skia veikare for brot, slik at den kunne brotne på midten i tillegg til bretta som var mest sårbar. Her verka sjølvsagt tjukkleiken på skia inn. Attåt tåbandet kunne det vera noko dei kalla «travyu». Eit vyuband til, gjennom same holet, lagt bakover skia til midt under skoen. «Travyu» gjorde at foten ikkje så lett glei av.
   Bruk og øvelse gjorde nok sitt til at lauparen eigna til seg ferdigheiter med å ha berre tåband som feste millom ski og fot. Det var brukt berre ein stav. Desse kunne vera enkle og snøggjorde eller ofte mykje forseggjorde. Ein god fjellstav laut ha stålpigg (piggestav), heimesmidd sjølvsagt. Piggene var så lange at dei kunne enda i ei hylse som gjekk utanpå staven. Med ein splitt gjennom hylse og stav vart det solide greier. Dei kunne og ha drikkeause i øvste enden. Ei kule i øvste enden var og vanleg. Staven laut da vera spikka av så grovt emne at det var nok ved til kule. Svarva (dreia), påsatt trekule var og brukt.
   Ein fjellstav laut vera så sterk at ein kunne sitja på den, ri på staven heitte det. Med stålpigg i stavenden kunne ein da bremse og ha kontroll over farten rett ned bratte fjellsida. Mest alt skotøy var av lær. «Plugga-sko» var den skogjerda som var mest i bruk, og det var nok helst slike som var «skisko» med. Dei var halvsola, og halvsolen verka som mottak for «travyua». Stort sett var nok ski og skiutstyr slik det hadde vore i mannsaldrar heilt fram til hundradårsskiftet.

På ski inn i det 20. århundret
I siste halvdel av 18-hundredåra var det noko skiidrett i summe delar av landet. Telemark med morgedøler var føregangsmenn. I Bråtå var nok skia enno berre eit bruks- og nyttereidskap og framleis eit nødvendig slik.
   Når det gjeld ski og skiutstyr kom det likevel ved hundreårsskiftet impulsar med påverknad utenfra. I Allmenninga vart det noko dei kalla «byhogst». Det var sal av tømmer på rot til oppkjøpare utanfor bygda. Desse vart rekna for byfolk. Dette førde med seg at år om anna var det stor tømmerdrift i Bråtå. Nå kom det skogsfolk frå andre bygder nedover Gudbrandsdalen. Summe av desse hadde med seg ski. Desse skiene kunne vera av anna treslag og ha ei litt anna utforming, men stort sett lik «Bråtå-skia». Det nye var at skiene hadde «bakbinding».
   Det kunne kanskje vera fleire typer av desse. Ei binding var iallefall laga av spanskrøyr (var kalla spanskrøyrbindinga). Tåbandet var med framleis, men her av skinn eller lær og festa på på sida av skia med nagler. Av spanskrøyr var det så ein båge eller bøyle frå litt framfor tåbandet og bakover rundt skoene. Ein kunne regulera bøyla att og fram etter storleiken på fot og sko. Det vart nok att ski med spanskrøyrbindingar i Bråtå, men dei var lite i bruk og det vart neppe fleire av dei. Bindinga var nok helst eit «misfoster». Nå var óg Huitfedt-bindinga komen. Patentbindinga, den første bindinga med «jarnøyrer» kom i bruk frå 1894. Når den nådde Bråtå er ikkje kjent, men truleg før 1920.

Kapping på ski
Kapping om å vera god eller heIst best på ski har nok vore med aIle stader og i aIle tider der ski har yore i bruk. Gutungane kappgjekk, kapprende utfor og kapphoppa. Ofte var jentungane med og. Det har nok ikkje vore så lite att av kappingshugen hjå mange i vaksen alder heller. Enda i dag går det ord om bragder og karstykke utførde på ski i farne tider. Det har vore mange ukara «skimeistrar» og ukrona «skikongar» attende i tida både i Bråtå og «ski-Norge» elles.

Tevling på ski i skulen
I Bråtå tek ordna tevlingar med skuleskirenn til ein gong i åra f0r 1920. Lærarinna eller læraren saman med andre i grenda som var blitt interesserte i ski-idrett, fekk dette til. Rasmus Tuva var ein av fremste hjelpemennene her. I 1919 var det skulehopprenn i Slettejordet. Ein veit at Rasmus var bakkesjef her. Det kan og ha vore skirenn i skulen før denne tid.
   Fritjof Nansen var den store skihelten i denne tida. Boka hans «Paa ski over Grønland» var i skuleboksamlinga, og i lesebøkene til Nordahl Rolfsen var det stykke om og av Nansen. Dette hadde utan tvil påverknad og var med på å vekke interessa for skiidrett.
   Det vert og fortalt frå denne tida om tevling i skulen med å laga dei beste og finaste skistavane. Å gå på ski med to stavar, trinsestavar, var på tale og i nokon mon teke i bruk. Truleg var det gutungane som var først ute og tok først etter her og. Emne til stavar skulle vera funne i skogen og trinsene vart gjort av «vyu». Slike stavar vart med rette kalla korgstavar. Og korgstaven var nok eit framsteg. To korgstavar var betre enn pigg- og fjellstaven til å ta seg fram i laussnø med. Men her var det nok «kvar til sitt bruk»". Ungane vaks og vart vaksne skilauparar.

På ski i «Bråtålaget» ungdomslag
«Bråtålaget» ungdomslag er skipa i 1906. Om dei hadde idrett på programmet dei første åra er vanskeleg å koma etter med i dag, møtebøkene er burte, men utruleg er det ikkje, – i så fall var det nok heIst ski. Laget låg visst nede ei tid, iallefall krigsåra 1914-1918 (første verdskrig). Frå og med 1919 har ein «Møtebok for Bråtålaget» å halda seg til. I eit møte på Mork (eige hus, Fjellvang, fekk laget først i 1924) 8. februar. 1920 vart det vedteke å ha premieskirenn. Om sjølve skirennet er det ikkje ført inn noko i møteboka. Skirenn har det vore, det er ført inn at det var skifest på Mork 14.3. 1920 med premieutdeling. I møte på StorBråtå 2.5. 1920 var det «premieutdeling åt gjentene». Kva dei fekk premie for er ikkje nemnt, men eldre folk minnest at laget hadde jenterenn i desse åra. I 1921 har det nok og vore premieskirenn. Det var i alle fall på nytt skifest på Mork. «Festen var vellykka og aIle som gjekk på ski var glupe til å gå i styggeveret og premie fekk dei aIle», heiter det.
   I åra rundt 1920 kom det i gang tamreindrift i Skjåkfjella. I samband med dette kom det framande reinsgjetarar til Bråtå. Mange av desse var samar. Dei var sjølvsagt flinke skilauparar. Dei hadde andre skityper og anna skiutstyr, og andre måtar å renne og å bruke ski og -utstyr på. Dei brukte ymse ein og to stavar, i fjellet var det fjellstaven. Det er halde for at det var desse som kom med drikkeause på toppen av staven. Summe av dei hadde uvanleg lange ski, opp til 11 fot (på skimuseet i Oslo er det ski med denne lengda, opp til 3,5 meter).
   Fottyet dei brukte var laga av reinskinn med håra på og vart i Bråtå kalla «finnlabbar». Dei var utan stiv såle og hællappar, og såleis heilt mjuke, og dei var særs lette og varme. Ei anna type var av barka reinsskinn. Dei var til å bruka om sumaren, og dei vart kalla «komager». Skibindinga til dette fottyet var tåband av skinn med langreimer og bakbinding. Foten vart noko laus på skia, men bindinga hadde sine føremunar, mellom anna til å bremse og å stoppe med. Dei hadde ein teknikk med å vri skiene halvt på høgkant og så sette hælane ned i snøen og med det få god bremseeffekt. «Døm sæt på vakumsbremsen» var det ein som sa da han såg den eine etter den andre koma i stor fart og burt i mot bråstoppa på denne maten.
   Mange skilauparar i Bråtå Iærde å bruke dette nye skiutstyret, gjekk over til det, og det var delvis i bruk til godt opp i trettiåra.
   Det skulle vera langrenn i desse åra som vart gått utan stavar, men om det berre var eitt eller om det var fleire slike «stavlause» renn, er uvisst. Det kunne vera eit påhitt av ein eller annan, sagt fram som spøk og med den spontane reaksjon at, kvifor ikkje? Det kunne óg ha noko med det å gjera at det enno var ulikt syn på bruk av ein eller to stavar.
  Det er ikkje noko å finne i møteboka til «Bråtålaget» om skiaktivitetar i laget dei første åra framover før i 1926. Da hadde ungdomslaget skitur til Sota sæter i påskehelga. Noko frå turen er ført inn i møteboka. Mellom anna at dei var gjestar hjå «Sotkongen» Svein Kvitingen. Han hadde som i så mange år før, overvintra i «fjellriket» sitt Sota. Også i 1928 hadde laget skitur i påska. På møte 19. januar 1930 vart det vedteke å ha premieskirenn med fest etterpå. 9. februar var det fest med premieutdeling. «Dans til kl. 5 om morgon» står det i festreferatet. I 1931 var det skirenn med fest den 22. februar. På festen delte Rasmus Tuva ut premiane.

Idrettslag innan ungdomslaget
På møte i «Bråtålaget u.l.» den 10. januar 1932 var for første gong tanken om å «stifta» idrettslag drøfta. Og på møte 24. januar vart det valt styre for eit slik med Magnus Storbråten som formann. Idrettslaget fungerte nå som gruppe i ungdomslaget ei tid framover. Det var framleis ungdomslaget som ordna med skirenn som det var fleire av utetter vinteren, det siste, skistemna på Mysubytta i påskehelga, var det første «Jøssdalsrennet». Ein går nå over til «Møtebok åt Bråtå skilag» og tek med litt av det som først er ført inn i boka.

Bråtå skilag i lag og løype m.m.
Det første som er ført inn i møteboka er årsmeldinga for «Bråtå skilag» året 1932. Den er slik: «Bråtå skilag»er skipa i januar 1932. Styret vart slik samansett: Formann Magnus Storbråten, nestformann Trygve Øygard, kasserar Eilev Stulen. Styremedlemmar: Ole Teigen, Nils Partapuoli og Mathis Rusten.
   Det vart vedteke å setja opp ein treningspokal, som skulle vinnast av den som stod best i tid på fem renn. Denne pokalen vart vunnen av Svein Mork.
   Langfredag same året var det langrenn på Mysubytta med tevling mellom Bråtå og Jostedal. Vi vart enige om at dette rennet skulle reknast med i ei tevling mellom dei to laga, og det vart sett opp ein pokal, «Handspikpokalen», og ein «einmannspokal». Reglane for tevlinga var: «Handspikpokalen» må vinnast tre gonger før han blir laget si eige. «Einmannspokalen» blir vunnen av den lauparen som står best etter tre renn.
   Resultatet av første rennet vart: 1. M. Bøen, 160 pts. 2. S. Bruheim, 154 pts. 3. Sv. Mork, 148 pts. 4. Edv. Bøen, 146 pts. 5.K. Espe, 145 pts. 6. J. Hesjevoll, 139 pts. 7. Sig. Mork, 136 pts. 7. P. Øvregard, 136 pts. 7. M. Storbråten, 136 pts. 10. S. Partapuoli, 121 pts. 11. N.Partapuoli, 97 pts. 12. H.Tuva, 78 pts. 13. S.Tuva 60 pts.
   Skirennet på Mysubytta i påska 1932 var skistemne etter målestokken på slikt for 50 år sidan. Det var skirenn og stemne om dagen og fin fest om kvelden.
   Jostedal vann tevlinga og fekk første aksjen i «Handspikpokalen». Svein Mork frå Bråtå skilag klarte likevel tredjeplassen. Svein gjekk rennet med lånte ski, «finnlabbar» på føtene og tåband med «langreimar» på skiene. Det viste seg at Jostedølene hadde betre ski og utstyr elles. Dei hadde i mange år vore med i store, harde tevlingar rundt om og var såleis meir «rutinerte» lauparar. Dei hadde hatt idrettslag i mange år sidan «Jostedalen skiløberforening» var stifta i 1891.
   Alt i november 1932 var det nytt årsmøte i skilaget med val av nytt styre. Nå vart Trygve Øygard formann. Samkøyringa med ungdomslaget held fram.
   26. mars 1933 vart andre tevlinga om «Handspikpokalen» halden i Jostedal.
   Det blir fortalt at Bråtingane bar med seg hoppski over fjellet til Jostedal. Dei vart uventa godt mottekne der vest. Dei sette fram tresko, og det var det beste ein kunne få på trøytte, såre, ømme og kanskje våte og kalde føter. Tresko var enno mykje i bruk i Jostedal og var nok ein liten heimeindustri i den avstengde og karrige vestlandsbygda. Tresko skulle enno vera i bruk i ei årestugu i Jostedal i 1933. Bråtingane kjøpte ski av bjørk i Jostedal, bar dei over Handspikfjellet og heim til Bråtå. Det var nok ein lang og hard fjelltur dette med Jostedalsbreen på ei side og Jotunfjella på den andre. Denne gongen vann Bråtå skilag tevlinga og stoda etter dette: Jostedal og Bråtå ein aksje kvar. På «einmannspokalen» står Magnus Storbråten best.

Korleis vart det kontakt?
Det er noko uklårt og uvisst i dag korleis denne skikontakten mellom Jostedal og Bråtå kom i stand fyrst på 1930-talet. To krøterhandlarar fra Jostedal, Johan og Tøge Fåberg, var årvisse i Ottadalsbygdene denne tida, og dei kunne nok vera mellomledd. Elles har det vore ferdsel og samband mellom Jostedalen og Ottadalen så langt attende som soga rekk – og enno lenger. Segna om «Jostedalsrupa» er frå 1300-tallet og Svartedauden si tid. Etter segna kom denne Jostedalsjenta over fjellet til Skjåk. Ho vart seinare gardkjerring der og skulle få ei stor ætt etter seg. Det er nok både grannskap, kjennskap, vennskap og langt nok attende kanskje frendskap, mellom Jostedal og grenda og bygda «austan fjellet».

Nytt skipingsmøte
25. juni 1933 hadde skilaget møte på Plassøyra. Her vart lover for laget vedtekne, og laget fekk namnet «Bråtå skilag». Vidare å melde laget inn i Oppland distriktlag for idrett, Gudbrandsdal krins. I brev dagsett 21. juli same år melder så distriktlaget at «Bråtå skilag» er oppteke i distriktlaget og med det i landsforbundet (etter 1946 Norges idrettsforbund). Ein må nok rekna «Plassøyramøtet» som det historisk rette skipingsmøtet til «Bråtå skilag».

På eigne føter
Bråtå skilag skulle frå nå av stå på eigne føter. Det var ikkje lett. Økonomiske vanskar grein dei i møte fra fyrste stund. Det var i dei «harde trettiåra» dette, og ingen hadde pengar. Nokre nakne tal frå møteboka til laget seier mykje. Første året var medlemspengane 25 øre (vart høgda til 50 øre året etter). Rekneskapen første året viste inntekter på kr. 113,26 og utgifter på kr. 111,68. Rekneskapen neste år var omlag den same med eit overskot på kr. 1,12 og med kr. 3,- i kassa. lnngangspengar til festar var i mange år 50 øre. På ein basar til laget i same tidsrommet var nettoen kr. 65,63.
   Ein kan undra seg i dag over at eit lite, ungt lag i ei lita fjellgrend kunne vera «liv laga» under slike forhold og med slike vilkår. Det gjekk, men med to steg fram og eitt attende i mange år framover. Det gjevande, byggjande og reddande var samhaldet og samarbeidet innan laget var omframt godt der aIle gjorde sitt beste. Laget hadde og noko anna som laut til, dei hadde grendafolket med seg. Unge og eldre, små og store, kvinner og menn, slo ring om skilaget sitt og hjalp til så langt evner og midlar rakk og vel så det mang ein gong. Det var noko til som innspirerte og skauv på. Gjennom avisene kom «båreslag» fra ei større ski-verd.
   Fram til 1930 var Norge den fremste skinasjonen i verda med skikongar som Thorleif Haug, Lauritz Bergendahl, Johan Grøttumsbraaten og fleire. Desse kultane var kjende, mykje omtala og vart mønsterbilete. I åra rundt 1930 kom «ski-verda» mykje nærare, nesten på heimebane. Bragdene og sigrane til Gudbrandsdølane Ole Stenen og Arne Rustadstuen i VM, OL, Holmenkollen og andre store skitevlingar, vart kjende og omtala av mange. For gutungar og unggutar vart dei mønster og inspirasjonskjelder. «Der kjøm Rustadstuen» kunne ein høyre frå inne i folkehopen når vinnaren av eit renn kom inn på «skiarenaen» og spurta over mål. Det var miljø for eit skilag i Bråtå.
   Skilaget laut ha hjelpesmenn til både det eine og det andre, og det fekk dei. Rasmus Tuva var fyrste løypesjefen, han var som eit heimanfylgje frå ungdomslaget å rekna. Rasmus var ein eldre mann no, men var framleis heilhuga med ungdomen i mykje og mangt. Mattias Rusten, for det meste kalla «Mattias på Saga» og Torstein Teigum var tidtakarar. Dei hadde desse så viktige verva i fleire år. Jentene var óg med. Dei var på «supestasjonar» i dei lengre renna, ordna til og serverte lauparane ved avslutta renn. Trakteringa her var ofte oppkokt nysilamjølk. Og dei var viljuge og fine festnemder. Det hadde nok ikkje gått utan jenter.

Hoppbakke
Alt på skipingsmøtet i 1932 var tanken om hoppbakke framme. Det hadde vore hoppa på ski i Bråtå-bakkane så langt attende i tid som folk kunne minnast. Det var heIst gutungane som dreiv med dette i små sjølvgjorde og for det meste snøggjorde hopp i bakkar som egna seg. Med «spretthopp» hadde dei mykje moro. Dei kunne hoppa like høgt som langt på desse.
   Eit skilag laut ha ein meir tidhøveleg bakke, om ikkje så stor. Ein fekk så hand over det arealet som laut til i Skjåk Allmenning. Ein høveleg bakke med flate under var sett ut nede ved elva på nersida av garden Slette. Tillaupet laut ein få hand over hjå Lars Øjasæter på Slette. Hausten 1933 var ein i gang med dugnadsarbeid i bakken. Det var å «heinja skreppa på stubben», kassa til skilaget var tom. Tanke eller tale om tilskot fra nokon kant var det ikkje den gongen, ein laut klare det sjølve. Og her var det langt opp og fram, urudt og umogleg i rein villmark som det var.
   Det var eit seigt og tungt – og med det eit seint – arbeid som laut utførast – og med «handamakt». Einaste «tekniske» hjelperåd i dei dagar kunne vera stubbebrotar. Ein held fram med dugnader og meir spredt gratisarbeid. Det gjekk noko smått, og det gjekk for seint, tykte summe. Det var klaga litt på dette i eit styremøte i laget. «Hoppbakken held på å veksa att av forglemmegei», sto det i eit lesarinnlegg i «Solstreif», lagsavisa til ungdomslaget. Men så, i 1935, hende noko uventa – noko heilt utruleg den gongen. Skilaget fekk statstilskot til skibakke. Det var noko som vart kalla «dagsverkbidrag». Det var vel s0kt om eit slik, men vona om a fa noko var ikkje stor. Summen var 330 kroner. Ynkeleg lite i dag, men dette var pengar å ta med seg den gongen når ein veit at daglønna i høgda var to-tre kroner. Sju «arbeidslause» fekk nå «fast arbeid» i bakken. Dei hadde med gryte og kokte seg graut karane i bakken, og dei heldt grautmjøl kvar sin dag. Tok så gryta frå open varme og naken glohaug over på ei lyngtuve, sette seg rundt den og åt. Eit typisk tidsbilde kan dette vera. -åKarane rydda bort skogen på sletta og av tømmeret telgde dei firkant. Bar det råe, tunge vyrket opp bakken og tillaupet og bygde stillas. Her kan ein nok legga til: Sjeldan har så mykje vore gjort for så lite. Skibakken kom med dette i brukbar stand denne hausten (1935).
   Bakken vart mykje nytta i åra framover. Det vart øvd og trena i hopping av mange. For andre var å klare å stå i unnarennet storveges, det ga dei tryggleik i å renna utforbakke. Ungane nytta han både på fritida og i kroppsøvingstimar i skuletida. Det vart og halde mange premiehopprenn i åra som kom.
   Under denne tida kom det óg på tale med idrettsplass saman med skibakken. Frå «Norges Landsforbund for idrett» fekk ein tilsagn om tilskot, men dei laut ha kostnadsoverslag. Ein kom fram til eit slikt på 2500-3000 kr. Lenger kom ein ikkje med planen. Eigenkapital kunne nok ikkje reisast.

Ski og skiutstyr i trettiara
Dei første ara etter 1930 var skiene mykje slik dei hadde vore, men mest vanleg nå var nok bjørkeski. Hickoryski vart å fa tak i, men dei var dyre og mange hadde vanskar med å skaffe seg slike. På ein fest i skilaget i 1933 vart det lodda ut eit par ski, truleg var desse av hickory. Men etter kvart vart nok hickoryski det vanlege og vart bortimot einerådande i mange år. «Splittkein» (limte ski) kom sist i trettiara.
   Huitfeldt-bindinga var i bruk lenge. Så kom Bergendahls-bindinga og etter kvart vart det mange typer og merke av bindingar å velja mellom. Tåband av lær eller skinn med «langreim» som bakbinding var i bruk enno ei tid, mest til finnlabbar som skifotty.
   Skotyet kunne elles vera svært ulikt, frå finnlabbar og lærsko (beksaum) til knehøge gummistøvlar. Etter kvart kom nok meir spesiallaga skisko i bruk, om ikkje anna så vart det vanleg med messingbeslag mellom binding og beksaumen på skoa.
   Stavar av røyrbambus vart nå mest brukt, men det kunne og vera stavar av andre treslag. Det var stavar av hickory å få. Dei var sterke i høve brot, men svært tunge. Det var óg freista med «stålstavar». Fjellstaven var nok enno nytta, men til sitt bruk.

Rupjegerski
Ski med stålkantar er av nyare dato. Det er alltid ein og annan som er føre si tid. Tusenkunstnaren, mellom anna børsemakar og rupjeger, Malias Teigen i Bråtå laga seg ski med stålkantar alt i 1920-åra. Malias gjekk mykje etter rupa i bratte fjellsider. Det kunne ofte vera hard skaresnø og med det vanskeleg å «henga på» med og mindre runde skikantar. Stalkantane var bandjern av passe storleik som han nagla på sida av skia og med det fekk han skarpe kantar. Malias brukte fjellstav med stålpigg og drikkeause. Han gjekk mykje i den bratte framsida av Styggehøa. Når han skulle heim fra rupfjellet rende han beinast ned den styggbratte «rupranden» og faret etter han var meir jutul- enn folkefar. Ideen til desse stålkantskiene var vel heIst Malias sin eigen, men umogleg er det ikkje at han kan ha lese om at Fritjof Nansen hadde med «stålkantski» på ferda si over innlandsisen på Grønland.

Skismurning i nittentrettiåra
Ski som klabba og bakglatte ski er eit problem like gamalt som bruk av ski er. Eldste rådgjerda mot desse vanskane var å «tjyrubræ» skia, men i det verste klabbeføret kunne ein stå der likevel. Ei naudhjelp var, om ein gjekk i furuskog, å dra skiene att og fram på furubar. Ein kunne med det få eit tynt lag, ein film, av kvae og harpiks under skiene og så få gli att ei lita stund.
   Bakglatte ski var harmelege. Ein laupar påsto at han laut snu skiene andre vegen nord i Kollungsbakkane i eit langrenn ein gong, skiene ville bakover og karen framover. Skiene peika nok rett lei at da han «pigga» over mal.
   Parafinvoks og stearinvoks (juletreljos) under skia kom da slikt var å få tak i, og nokon hadde kome på å prøve. Det var ei hjelp mot klabbing, men skia ville helst vera like harmeleg·bakglatte.
   Ein laut ha betre skismurning og ein visste nå at slik kunne lagast. Mange tok til å laga seg smurning sjølve. Oppskrift var det truleg ikkje, ein laut prøve og eksperimentere seg fram. Så blanda dei saman alle slag merkelege saker og ting, kokte, kanskje steikte, smurde og prøvegjekk. Det gjekk nok «så som så», og ingen kom fram til ein skismurning dei var heilt nøgde med. I 1934 tok formannen i skilaget imot tinging på smurning som han tok heim direkte frå grossist. Det vart nok lite heimekoking av skismurning etter det.

Skimakeren
Det var ingen som hadde skimakeri som yrke i Bråtå. Nevenyttige karar gjorde ski til segsjølve og nokre rundt seg og dei bergast med det. Men med skilag og skitevlingar vart krava til ski større, og det vart med ein gong bruk for fleire. Tore Plassen var kjend for å laga fine og gode ski, og nå vart han skimakeren i Bråtå. Skia skulle vera av bjørk nå. Skiemne av bjørk var det lite av i Bråtå. Tore laut ned til Harsheimlia i Nordberg for a finna brukbare emne. Her var det utval i rak, kvistfri steinbjørk. Godbjørk dugde ikkje, den var for laus i veden. Mange skulle nå ha løype- og langrennski, og utforminga vart noko ulik den gamle «altmoglegskia». Kanskje hadde «Jostedalsskia», det var kome ski frå der vest, noko med modellen å gjera. Ski av hickory vart å få tak i, men dei var kostbare og mange tykte dei var svært tunge. Men hickoryskiene kom for å bli. Så vart det plank, emne til ski av hickory å få tak i, og Tore gjekk over til dette treslaget.
   Det vart mange par ski både av bjørk og hickory på Tore i åra framover. Skilaget hadde ei uskriven avtale med Tore om at han skulle ha eitt eller to par ski på «lager» i tilfelle nokon laut ha nye ski i siste liten før eit renn, og det hende. Når det gjaldt vedlikehald og vøling var det å reisa til Tore. Skiene mista fort kantane, vart runde og umoglege. Tore høvla dei både under og på kantane og dei vart som nye. Skiene var såpass breie og tjukke den tida at dei tålte bade ei og to høvlingar. Det var ikkje å kaste og så kjøpe nytt når noko gjekk i ustand eller rauk i denne tida. Det var å vøla og å setja i stand at så sant det fans «skapt råd». Det var mykje brot av ski, særleg var bretta sårbar. Mange var dristige og ofte heller uvørne med å sleppa til utfor bratter og ulende, og skibrettene kunne ruka som fyrstikker. Da var det å ta med stumpane til Tore skimakar. Han gjorde nye bretter.
   Det var fleire måtar å skøyte på. «Fingerskøyt» var sterkast og ga finaste resultatet, og her var Tore ein meister. Framgangsmaten ligg i namnet. Ein skar fingrar i endane som skulle skøytast saman. Så vart fingrane swtt inn med lim, og ein tredde og trykte delane saman og sette dei under press til tørking. Noko pussing etterpå – og skia var fin og god som ny. Det var hårfint nøye arbeid dette, og ein laut ha både handlag og øving for å få det til. Tore hadde båe delar.
   Tore Plassen, skimakaren, var ounnværleg for «skigrenda» i allminnnelegheit og for skilaget i særdelesheit. Skiene til Tore fann vegen ut av grend og bygd og, Dr. Kjæstad kjøpte ski av han i trettiara.

Første renn i Bråtå skilag
Det tok til med treningsrenn og det hasta med å koma i gang. Det første rennet vart halde i januar like etter at laget var skipa. Noko motto for skilaget var vel ikkje uforma eller sett, men «ska' de' vera så ska' de' vera» kunne nok høvt. Med ei hard, krevjande løype var det lagt opp til hardkøyring fra første stund. Startstreken var brøytekanten til grendavegen. Rett ned over det bratte Storbråtåjordet først, så gjennom gardsplassen og mellom husa i Horten, ned den bråbratte bakken til skogkanten og vidare i «sikk-sakk» mellom storfuruene ned til elv og dalbotn. Det vart eit lite hende. Ein av lauparane var uheldig og laut over ende mellom husa i Horten. Og likare gjekk det ikkje enn at han braut ei ski. Karen var like god, han hadde «rulla» på ski ein gong før og kunne kunsta med å berge seg. Og «kjerringa» skulle reisast med ein gong. Han for like godt beinast heim og henta hoppskiene, eit par breie, tunge hickory-beist og gjekk løypa ut med dei. Seinare vart det sagt: «Oss såg skibretta hass Magnus for i bågå over låvtaket i Horte'».
   Skilaget held så fram med mange renn og av ymse slag. Det var prøverenn, treningsrenn, premierenn og pokalrenn. Det vart etter kvart tradisjon med mange av renna og rutine over planlegging og gjennomføring av tevlingane.
   Det var dei som var med i renn etter renn, særleg treningsrenn, som aldri nådde premie. Dei var med berre med for å vera med utan tanke på plassering i det heile teke. lallfall ein av dei hadde det ikkje meir annsamt med å koma fram enn at han kunne stoppe og ta ein prat med folk langs løypa. Ein annan gong kom ein inn og over mål røykande på «karva blad» i krokpipa. Dette var nok unnatak, og det vart aldri så mykje av det at det gjekk ut over kvaliteten og alvoret ved tevlingane. Det heiIe var ei passe blanding av hard tevling, «tidtrøyte» og moro.
   Det kunne vera lange løyper. Mange av dei gjekk over Bråtå-åsen ned lia og over Framrustelva til langt inn i Framrust-og Bottli.
   I mange år var siste treningsrennet ein «tur» til Sota. På Sota var det matstasjon med havresuppe. Denne løypa var bort i mot 30 km og den var rekna som hard da det mykjegodt var «flatløype».
   Tredje tevlinga med Jostedal om «Handspikpokalen» vart halden i Bråtå 18. mars 1934. Stoda i tevlinga om pokalen vart etter dette: Bråtå skilag 2 aksjer og Jostedal idrettslag 1 aksje.

Tevling mellom tre lag
I 1934 fekk Bråtå skilag kontakt med Skjåk idrettslag og Nordberg idrettslag og det vart tevlingar mellom dei i mange år framover.
   Det var skigrupper i dei to idrettslaga på denne tida og dei hadde mange gode lauparar. Det var mange inspirerande, gjevande og ofte spanande tevlingar mellom dei tre laga. Laga nede i bygda hadde ein stor minusfaktor i forhold til Bråtå skilag. Medan det i Bråtå var snø, med for det meste godt skiføre, kunne det nede i Nordberg og Skjåk vera berr mark det meste av vinteren. Det vart soleis dårlege treningsmoglegheiter, og skirenn laut utsetjast eller avlysast heilt.
   Dei tre laga tevla i stafettlaup dette året og Nordberg i.l. vann rennet.

To einarar
Skjåk idrettslag hadde i trettiåra to skilauparar som er verd ei omtale. Dei var gode lauparar. Olav Brujordet og Iver Heggero, skog- og fjellkarar som dei var. Dei var båe over sin yngste ungdom nå, men framleis røffe og tøffe karar, og dei kjende seg unge og sterke.
   Dei kunne «livskonsta» med å vera seg sjølve i aIle situasjoner dei to. «Jantelova» der førsteparagrafen er: «Du ska' kje tru at du e' någå» gjaldt ikkje for dei, dei lydde den iallfall ikkje. Olav og Iver var med i skirenn i Bråtå og dei var meir enn velkomne – dei var kjærkomne attåt. Dei sette spiss på, la farge på og med det fest over renna, renna vart både ski-og folkestemne. Like før start i eit renn i Bråtå vart ein av dei spurd om han hadde trena mykje: «E' lit på kræfter'ain e'» var det kontante svaret og det på klingande Vågåmal. Same karen var meister for nemninga «ikoinløype», dette var namn pa løyper som kunne vera noko kronglute og ugreie å ta seg fram i.

«Kjæstadpokalen»
Dr. Kristian Kjæstad var distriktslækjar i Lom og Skjåk i nitttentrettiåra. I 1934 ga og sette han opp ein pokal som dei tre skilaga i Skjåk kunne tevla om. Pokalen fekk namnet «Kjæstadpokalen». Pokalen skulle vinnast tre gonger av beste firemannslag. Bråtå skilag vann «Kjæstadpokalen» til odel og eige i 1937.
   24. februar 1935 var Magnus Storbråten med i krinsrenn på Dombås. Her tok han tredjepremie i spesielt langrenn. «Det kan ein si var ikkje så låkt gjort. Han gjorde namnet på skilaget kjent utanom bygdi med det» heiter det i ei fotnote i møteboka.
   Det kom brev fra Jostedal til Bråtå skilag denne vinteren. Dei kunne ikkje arrangere skirenn med tevling om «Handspikpokalen». Farangen «sya» (meslingar) herja bygda. Dei ba om at tevlinga vart utsett til neste år, i 1936.

På ski over Lorfjellet
«Bragd» er eit sterkt ord, og ein må vera varsam med å nytte det. Ein må likevel kunne nytte det her. 7. og 8. mars 1936 var det krinsrenn på Lesja. Bråtå skilag deltok med Otto Partapuoli, Svein Mork, Ingvald Mork, Magnus Storbråten og Håkon Storbråten. Dei tok opp lia ved Hyrve og over Lorfjellet, låg i eit heller kaldt seterhus i Lordalen og kom til Lesja andre dagen.
   «Storbragd» måtte det bli når dei etter denne harde fjellturen tok premie aIle saman, Otto, Svein, Ingvald og Hakon i langrenn og Magnus i hopp.
   Ei snau veke etter krinsrennet på Lesja vart det ny fjelltur på karane, denne gongen over Handspikfjellet til Jostdal. Det var med fleire frå skilaget på denne turen. Det var tevling nummer fire på «Handspikpokalen» dette" Jostedal vann samanlagt denne gongen, men «Lorfjellfararane» plasserte seg godt. Dei tok ein tredjeplass ved Otto Partapuoli, så ein femte, ein tiende og ein ellevte plass. I klasse 2. under 20 år klarte Håkon Storbråten førsteplassen.
   Stoda i tevlinga om «Handspikpokalen» etter dette vart at Jostedal i.l. og Bråtå skilag hadde 2 aksjer kvar.
   I 1937 var det ny tevling om «Handspikpokalen», denne gongen i Bråtå. Bråtå skilag hadde beste tremannslag og vann nå «Handspikpokalen» til «odel og eige». Ein epoke i Bråtå skilag si historie var over.
      21. mars same året vart første premiehopprennet i «Bratabakken» halde. Det var tevling mellom Jostedal i.l., Vågå i.l. og Bråtå skilag. Vågå i.l. vann tevlinga. Av referat frå festen om kvelden: «So heldt O. Mølmen foredrag om ski og skisport ned gjenom tidene».
   1938 var eit jamt bra år for skilaget med tradisjonelle renn og arrangement.
   Vinteren 1939 var det sæers lite snø i Bråtå. Første rennet, eit treningsrenn som skulle vera 5. februar laut avlysast da den vesle snøen som var reiste. Vågå hadde snø og Vågå i.l. held merkerenn 26. februar. Bråtå skilag var med og fire av deltakarane tok skimerket. Trygve Øygard var óg med i «Birkebeinerrennet» dette året og tok «merket».
   Vi er inne i «lagnadsåret» 1940. 25. februar var det merkerenn i Nordberg. Bråtå skilag tok del med 13 lauparar, og aIle tok «merket».
   Sundag 10. mars var det premieskirenn i Bråtå. Lauparar fra Skjak i.l., Nordberg i.l. og Bråtå var med.

På ski i aprildagane 1940
Det var hard vinter med mykje snø og sein vår i 1940. Ein rakk ikkje å setja bort skiene før «skrekkdagen» 9. april. I Bråtå vart mange av skiene samla saman og stilt til rådvelde for forsvarsstyrkane. Det var ein bra, spontan og frivillig reaksjon på krigshendingane og organiseringa og gjenomføringa av tiltaket kunne vel vera noko rotut, som so mykje var i desse dagane. Ein veit iallfall at sume av skiene vart brukte og kom til nytte. Tore Storbråten hadde vore med i krigshendingane og kom til Geiranger på heimveg. Det underlege hende at her fann han sine eigne ski og kunne ta seg over fjella og heim til Bråtå på eige framkomstmiddel.

På ski med engelske soldatar over Handspika
I månadsskiftet april-mai, etter krigshandlingane nede i Kvam, kom tre forkomne engelske soldatar til Skjåk. Dei hadde kome bort fra kompaniet sitt og på ymse vis teke seg fram oppover Ottadalen til Bismo. Dei fekk først hjelp hjå Hans Skamsar i Nordberg og seinare hjå Ole Mork i Bråtå. Hans og Ole kunne engelsk og med det prate, rettleie, og hjelpe dei engelske gutane. Ein kom til at ein laut prøve å få dei «fredlause» over til Jostedal og med det i retning av Engeland. To mann, båe i Bråtå skilag, Otto Partapuoli og Hans Kveum, vart tekne ut og sa seg viljuge til å fylgje engelskmennene over fjellet til Jostedal. Men først laut skomakeren i Bråtå, Syver Kveum, halvsole skoa deira. Dei hadde gått dei av seg oppover Ottadalen.
   Otto og Hans var trena skilauparar, hadde fare over Handspika før og var kjende med leia, ingen fare med dei. Verre var det med engelskmennene. Dei hadde ikkje hatt ski på føtene før. Det var ei vanskeleg, og ein skulle tru umogleg, oppgave Otto og Hans hadde teke på seg, men dei tok i veg. Det var reint ille så med ein gong. Dei tre kom ikkje «av flekken», stupte framover, datt bakover og valdt til ymse sider i eininga. Likevel, to av dei lærte i all fall merkeleg fort å halda seg på føtene og å stavre seg framover. Verre var det med den tredje, ein litt eldre kar. Han streva ilt og var ille ute. Dei fem kom til Mysubytta første dagen. Dei tok ut grytidleg neste morgon og no gjekk det betre. Snøen hadde fastna om natta slik at det var lett å gå. Men ned på andre sida av fjellet til Jostedal vart det plunder og elendigheit att. Det lei fram på dagen slik at snøen var laus og blaut, og i mykje bratt lende som det var, vart det plundrasamt for dei tre uvante; dei datt og datt. Otto og Hans kom ned til Jostedal og fekk engelskmennene over til folk der. Men vegen ut fra Jostedal var stengd av tyskarane ute Sogn ein stad og dei tre skulle neste dag vera med eit følgje over fjellet og breen til Stryn. Korleis det gjekk dei tre engelske soldatane vidare, er ukjent.
   Det hender så mangt. I Jostedal kom Otto og Hans over eit par ski med merkelapp «Trygve Øygard, Bråtå». Det viste seg at nokre dagar før hadde ein mann kome over fjellet på skiene. Dette var nye, fine og kostbare ski. Hans Kveum sette da att sine gamle, velbrukte og kom heimatt med «nyskiene» til Trygve. Slik kan det gå og i dei dagane gjekk det for seg mangt, berre ille at så mykje er borte og gløymt.

Uviss framtid
Frå møteboka :«Møte i Bråtå skilag den 17. november 1940. Vart upplese skriv fra N.i.f.s. interimsstyre um dei 2. hovudlemene som dei krev respektert. Likeeins svar fra departementet for idrett. Av dette gjekk fram m.a. at tillyste krinsting blir avlyste. Vedtak: Laget finn å måtte utsetja saka til nærmare klarlegging ligg fyre». Ein høyrer ikkje seinare meir om desse sakene. Det er ikkje ført møtebok for året 1941, det var truleg liten eller ingen aktivitet i laget det året.
   17. januar 1942 var det halde årsmøte med val på formann, styre og løypenemd. På same møte vart det svara på eit spørreskjema frå Oppland distriktslag for idrett. Det vart halde to treningsrenn: 22. februar og 1. mars. Eit planlagt premierenn og nok eit treningsrenn vart truleg ikkje noko av. Vanskane med lagsarbeid og idrettsaktivitet m.m. tårna seg opp og ein laut leggja ned, iallfall førebels. Referat fra eit lagsmøte 1.mars 1942 der ymse vanskar for laget vart drøfta, er det siste som er ført i møteboka.
   Tre lange og tunge krigs-og okkupasjonsår gjekk før skilaget kunne ta fatt på ny (I boka «Det var ei rar tid» av Jon Vegard Lunde er det ein bolk som heiter «En ny idrett»).

1945
Andre verdskrig og okkupasjonen av Norge er over, ein kan ta fatt på ny. Bråtå skilag hadde nå lege nede i tre år, men var stort sett inntakt, og kom i arbeid på nytt hausten 1945. Alt var ikkje heilt som før, freds- og fridomsgleda var blanda med såre minne. Ein av dei mest lovande unge skilauparane i Bråtå skilag i trettiåra, Saras Partapuoli, var ikkje meir. Som sjømann på ein tankbåt mista han livet i 1942. Båten vart torpedert ved Nordaustkysten av Mellom-Amerika. Saras er med på minnesteinen over dei som fall i krigen ved Nordberg kyrkje. Fleire av lagsmedlemene var i militærteneste vinteren 1939-1940. Dei vart med i krigshandlingane i april, men aIle kom heim uskadde.
   Jo Storbråten, ein av veteranane i Bråtå skilag, kom tidleg med i heimefronten og illegalt arbeid. Han laut bli «skoggangsmann» ei tid våren 1945. (Ref. boka: «Det var ei rar tid» av Jon Vegard Lunde). Magnus Storbråten kom heim over Island våren 1945.

Ski var i bruk
Om skilaget låg nede, så låg ikke skiene ubrukte desse fem vintrane. Det vart skia å ta til att som framkomstmiddel. Det kunne vera dagevis med berre ei skiløype som veg gjennom grenda. Knottgenerator-bilane hadde store vanskar med brøytinga. Det vart elles gått mykje på ski. Ein skitur i skog og fjell var ei god avkobling fra alt det trivielle, tungsame og ofte tragiske som var kvardagen gjennom lange, harde vintermånader.

Bråtå skilag etter krigen
Skilaget kom i gang att med å halde årsmøte 25. november 1945. Det laut haldast val på nytt styre. Styre nå vart Magnus Storbråten, formann, Hans O. Storbråten, nestformann, Kristian Horten, kasserar, Olav Mork, skrivar. Hans Skog, Ingvald Mork og Syver Plassen vart styremedlemmar. Det var nå kome til mange nye medlemmar, men det var og att «veteranar». Magnus Storbråten som nå vart formann, var og første formannen i laget, vald for 13 år sidan i 1932. Laget hadde 19 medemmar og var nå «atterreist». Det tok likevel noko tid før laget kom retteleg i gang og året 1946 gjekk utan særlege aktivitetar.
   På årsmøte 26. januar 1947 vart Trygve Øygard vald som formann på ny. Han hadde tidlegare, i trettiåra, vore formann i samanlagt tre år.
   Det vart nå større breidde over lagsarbeid og skiaktivitetar. Det hadde vore halde slalåmrenn og interessa for denne «greina» var vakt. Det kom med nye aktive, både jenter og gutar, og mange skulebarn vart med.
   Årsmeldinga for 1947 viser at det hadde vore mange tevlingar i mange artar renn i meldingsåret. Det hadde vore treningsrenn, langrenn, hopp- og slalåmrenn. Det var merkerenn for Nordberg i.l. og Bråtå skilag og det var premielangrenn og gutekrinsrenn i hopp.
   Dette året kom det til ei tevling om ein pokal som Lom og Skjåk Sparebank hadde gjeve og sett opp. Tevlinga var mellom Lom og Skjåk og vart halden i Lom. Lom vann og fekk første aksja i pokalen. Dette året vart det óg fast idrettslækjar, og Bråtå skilag nytta han.
   1948 var eit godt år for laget. Det var trena i hopp og langrenn. Laget skipa til krinsrenn, langrenn og hopp- og pokalrenn med Lom. Tevlinga om «Bankpokalen» vart dette året vunne av Skjåk, og med det hadde Lom og Skjåk kvar sin aksje i pokalen. Lom hadde ein vanske med denne tevlinga, dei hadde ein mann for lite på laget. Sjåføren deira, Ola Sletten, gjekk utan vidare inn og starta i «Klasse over 32 år». Før han starta tok han fram bilnøklane til bussen og sa: «Døkk kjøm nå ’kje heimatt før e' kjøm innat». Ola er med på lista over dei som kom «innat» - og Lomværane kom heimatt.
   På årsmøtet 27. november1948 vart Kåre Halvorsen valt som formann. 1949 vart eit særs aktivt år for Bråtå skilag. Det vart halde fram med trening i langrenn og hopp. «Hopparen Havard Hole har lege her oppe ei tid, og han har dreve trening i hopp» står det i møteboka. «Det var morro å sjå kor fort dei lærde», sa Hole. Det var ellers skipa til ei rekke renn framover vinteren.
   Etter idé og framlegg fra Trygve Øygard, vart turrennet «Oppnåsa rundt» til denne vinteren. Rennet laut avlysast da snøen reiste tidleg. «Uppnåsa rundt» vart likevel eit svært omtykt og populært renn i åra framover. Det var óg fin diplom og fint merke for rennet. Det vart montert provisorisk flomljos i hoppbakken, og elles vøling og utbetring av denne, alt utført ved dugnadsarbeid.

Bråtå badstugu
Badstugu var eit grendaprosjekt med skilaget som medeigar. Det var eige styre for badstugu, men i vedtektene heitte det: «Formann til kvar tid i skilaget er og formann i badstugustyret». Formannen i skilaget dette året (1949), Kåre Halvorsen, klarte gjennom skilaget å skaffa kr. 3000 av tippemidlar til istandsetting av badstugu.
   Badstugu var mykje nytta både av grendafolk og skilag i mange år framover. Badstugu var eit triveleg stelle, det var «ein stad å vera» attåt det at ein fekk «lauga seg» grundig. I samband med bruken av badstugu, miljøet og trivselen der, må ein ta med «vertskapet» gjennom aIle år, Marit og Sigurd Mork. Skilaget og badstugu med Marit og Sigurd var langt på veg eitt og same.

Ei skioppvisning
Det var krinsrenn i Bråtå i 1950. Like før start kjem ein laupar rennande ned den bratte, svingete, hardt oppkjørte hestevegen til startplassen. I full fart med stavar under armane, peikande perfekt rett bakover, tek han den siste krappe svingen, så gjennom eit trangt grindsle og med eit tilsjåande lite tverrkast står han, utan å vore mer noko som helst som ein stolpe, midt i folkehopen. Folk undra seg. Her var det nok ein som kunne både Telemark-sving, Christiania-sving og meir til. Ein kunne høyra ein som. med noko oppgjeven røyst sa, mest som til seg sjølv, «å slikt ska' ein kappspringe me'». Det var mange idrettslag på denne tida med mange gode skilauparar som ga Bråtingane fullgod og ofte knallhard tevling, likevel.

Friidrett
Tanke um friidrett i skilaget kom fram på eit møte i 1949. På årsmøtet 4. januar 1950 vart det vedteke å melda Bråtå skilag inn i friidrettskrinsen. I samband med dette vart samarbeid med dei to andre idrettslaga i bygda drøfta. Det vart gjort slik vedtak: «Laget vil på det beste stø tanken om sams tiltak for idretten i Skjåk. Vi ser det slik at skal ein koma nokon veg med å få utbygt idrettsanlegg, må laga samla gå inn for arbeidet».
   Med tanke på friidrettsmerket var Nils Skamsar frå Nordberg i.l. i Bråtå skilag der han greidde ut om friidrett og ga rettleiing i ymse øvingar.

«Oppnåsa rundt»
Turrennet var nytt i 1949, men kunne ikkje haldast denne vinteren på grunn av snømangel. Sundag 12. mars 1950 gjekk turrennet «Oppnåsa rundt» av stabelen for fyrste gong med deltakarar frå Ringebu, Dovre, Vågå, Nordberg og Bråtå, i alt 27 lauparar. I 1951 vart det truleg ikkje arrangert «Oppnåsa rundt». Nytt «Oppnåsa rundt» var arrangert 23. mars 1952. Denne gongen var Vågå, Lom, Skjåk, Nordberg og Bråtå med og 38 lauparar deltok. I 1953 var det truleg óg arrangert «Oppnåsa rundt», men referat er ikkje å finna. I 1954 vart «Oppnåsa rundt» halde den 6. mars. Det femte rennet var så i 1955. I 1956 er det på ny ikkje noko å finna om «Oppnåsa rundt». ««Uppnosi rundt» vunnet av Jonas Danielsen», står det i eit avisutklypp lagt inn i møteboka. Dette var det 6. rennet og det vart halde 3. mars 1957 med 22 deltakarar. «Ivar Mork sette ny rekord i turløpet «Uppnosi rundt»», fortel avisutklypp frå 1958. Den gamle vart sett i 1955 av Eilert Danielsen. I dette rennet var 20 lauparar med, og dei var fra Lom, Nordberg og Bråtå. «Oppnåsa rundt» vart avlyst i 1959 på grunn av snømangel. Av same grunn vart det heller ikkje renn i 1960.
   Den 3. mars 1962 vart siste «Oppnåsa rundt» halde. Lauparar frå Sjårdalen, Vågå, Garmo, Skjåk, Nordberg og Bråtå var med. Oddbjørn Kluften, Sjårdalen, sette ny rekord og med det den siste som gjorde dette.

Handspikpokal nr. 2
Tradisjonen fra 1930-åra med skitevling mellom Jostedal og Bråtå vart teken opp att i 1953. Ein «Handspikpokal nr. 2» vart sett opp. Som den første skulle denne vinnast tre gonger for å verta laget si eige. Første tevlinga vart halden i Jostedal. Bråtå skilag vann tevlinga og fekk første aksja. I tevlingar seinare vann Bråtå skilag «Handspikpokal nr. 2» til odel og eige og kunne plassera den side om side med «Handspikpokal nr. 1». Men det har vore sagt: «Det var Jostedølane som lærde Bråtingane å tevle på ski».

Ein veteran takkar av
Trygve Øygard var skrivar i Bråtå skilag året 1955, og han skriv: «Samstundes med denne årsmeldinga må eg diverre seia frå at arbeidst mi i Bråtå skilag er slutt. Det er litt stusleg, når ein har vori med i 23 år - heile levetida åt skilaget. Men når eg no har flytta til Nordberg, kan eg knapt bli til nokon nytte for skilaget likevel. Eg vil difor takke dykk for godt samarbeid og godt kameratskap gjennom alle år, og vil vone at arbeidet held fram i same lei». Øygard og skilaget høyrde saman - var mykjegodt eitt. Øygard var ikkje berre ein av dei mest aktive lauparane i alle år, men med i styret dei fleste år og mange av desse som formann. Skilaget har mykje, kanskje alt, å takke Øygard for at det var «liv laga» og kunne bli så bra som det vart.

«Sandbupokalen»
Tevlinga om denne pokalen hadde tidlegare gått som kombinert med hopp og langrenn. Dette var det slutt på nå, men skulle halda fram med 4 x 10 km. Stafettrenna vart haldne i Vågå. På møte i skilaget 23. februar 1956 vart det vedteke å stille lag til tevlinga. Frå årsmeldinga 1956: «Fire karar frå laget var på Vågå og gjekk 4 x 10 km stafett, det var i tevling om «Sandbupokalen». Dei gjorde det godt og tok eit «napp» i pokalen i hard konkurranse med aldri så mange. Frå årsmeldinga 1957: «Den 17. februar var 4-5 mann på Vågå der det var tevling om «Sandbupokalen» i 4 x 10 km stafett. Bråtå skilag fekk tredjeplassen». 1958: «4 mann frå laget var på Vågå og var med i tevlinga om «Sandbupokalen» i 4 x 10 km stafett». Noko resultat er ikkje å finna.

Bråtå skilag 25 år
Bråtå skilag var 25 år i 1957. I det høvet vart det skipa til jubileumsrenn i 1958. Langrennet vart halde 2. dag påske og 62 lauparar starta, men smått og stort, kvinner, karar, jenter og gutar. Nordberg i.l. var bedne og tok del med 2-3 lauparar. Rennet vart sett på som stort og vellukka. Om kvelden var det jubileumsfest i Fjellvang med premieutdeling, og alle som tok del i rennet fekk premie. Trygve Øygard som nå hadde flytta till Nordberg, held kåseri på festen og fortalde frå da laget vart skipa og fram til 25-årsmilepælen.

Bråtå skilag i utforbakke?
Det er nå eitt og anna som tyder på at skilaget hadde nådd «middagshøgda» med 25-årsjubileet i 1958. Det kan vera mange grunner til det. Stuttaste referat som er å finna i møteboka for aIle år, er eit styremøtereferat dagsett 9. november 1958. Eit lite referat som seier og er ført slik: «Styremøte i Badstugu den 9. november 1958. 3 medlemmar møtte». Det var alt. På årsmøtet i 1959 møtte 5 av 14 medlemmar og det kunne ikkje haldast årsmøte. Vedtak: «Vi vart einige om at det gamle styret skulle stå eit år til». I årsmelding for 1960 er det teke med fylgjande «hjartesukk»: «På grunn av snømangel vart det ikkje gjort noko særleg på ski (med treningsrenn og slikt), og likeeins er det mange som ikkje er heime, det viI seia det same som at det blir nokre få som må driva med det heile». I eit merkerenn 28. februar same år starta fire lauparar. Medlemstalet dette året var 11, og val på styre for 1961 vart halde med sju lagslemmer. Hans Horten vart nå formann.

Siste årsmøte
Frå møteboka: «Det vart tilskipa årsmøte i skilaget 7. januar 1962 i Badstugu. Um datoen var uheldig vald eller um interessa for skilaget er svært dalande, tør ein ikkje ha nokor meining om, men det møtte upp kun fire personar, alle dei frammøtte representantar frå styret. Dette var altfor få til at det kunne haldast årsmøte. Vi vart da samde um at styret for 1961 fekk halde fram eit år til».
   Turrennet «Oppnåsa rundt» den 3. mars 1962 vart siste skitevlinga i Bråtå skilag som sjølvstendig lag. Det gjekk så 13 år utan aktivitetar i skilaget.

Over til Skjåk idrettslag
Den 25. januar 1975 var det gamle styret i Bråtå skilag kalla saman til møte for å drøfta samanslåing av alle idrettslaga i bygda. Vedtak:«Styret i Bråtå skilag vil ikkje setja seg i mot nokon samanslåing, men ser det som svært viktig og positivt at aIle lag blir sIege saman til eitt lag for heile bygda». Møteboka er skrivi under av: Håkon Ørjasæter, Ola R. Mork, Einar Plassen og Hans Horten.
   Ei liste over «Heimanfyljet», eiga til laget, vart sett opp og med det gjekk Bråtå skilag inn i Skjåk idrettslag.

Samanslåing - ein gamal tanke
Så lenge sidan som på arsmøtet i 1938 var tanken om samanslåing av dei tre idrettslaga i Skjåk drøfta og det vart gjort slik vedtak: «Vedteke å skrive til N.I.L. og S.I.L. um å slå saman aIle 3 lagi i bygdi til eitt lag». Det vart stille om saka.
   Så i 1947 kom tanken om samanslaing av laga opp på nytt. Fra møteboka: «Det «Kommunale idrettsråd» i Skjåk hadde fastsett møte mellom dei tre idrettslaga i bygda. Dei ba om fem utsendingar til møtet. På medlemsøte i skilaget den 4. mai vart utsendingar valde». Det førte ikkje til noko denne gongen heller.
   På møte 24. januar 1950 var spørsmal frå «Skjåk kommunale idrettsnemd» om «sams tiltak» for idretten i Skjåk, Nordberg og Bråtå drøfta. Det vart gjort slik vedtak: «Laget viI på det beste stø tanken om sams tiltak for idretten i Skjåk. Vi ser det slik at skal ein koma nokon veg med å få utbygt idrettsanlegg, må laga samla gå inn for arbeidet». Det vart med dette. Det gjekk 25 år før samanslåinga vart ein røyndom.

Ingen veg utanom
Bråtå skilag var ikkje aleine om å koma i vanskar og «uføre» med lags- og idrettsaktivitetsarbeid i 1960-1970 åra. Dei fleste lag og organisasjonar i «utkantnorge» kom ut for det same. Det hadde mange og stort sett samanhangande årsaker. Noko var at folketalet gjekk ned, dei store barne- og med det ungdomskulla var langt på veg borte. Dei som var, reiste ut på skule og for til arbeidsplassar langt frå heim og grend - og mange flytte ut av grend og bygd for alltid. Det var meir. Båre etter båre frå det nå snøgt veksande industrisamfunnet rulla innover fjellgrenda (ene) og førte med seg nytt på aIle område. At sumt som nok skulIe vore att, vart med i dragsuget til kvar båre som drog seg attende, er ei anna sak. Fjellgrenda (ene) gjorde «hamskifte» som aldri før.
   Stiller ein opp furutreskiene til Eirik Brenna jamsides eit par glasfiberski av den mest moderne typa, har ein utviklinga klart for auga når det gjeld ski og bruk av ski. Dei fyrste til nyttebruk i aIl slags lende i skog og mark, den siste til bruk i trakkemaskin-preparerte løyper på fIatt og fint lende. Skilnaden mellom den «gamle» og den «nye» tida var like stor i mest alt. Dragsuget som før er nemdt, saug med seg mange av dei fremste ungdomane og med dei ungdomslag og liknande kulturberarar og kulturskaparar. Grendalaget, Bråtå skilag, berga seg over til Skjåk Idrettslag med ei klar, bein line frå «Bråtålaget» u.l. til bygdalaget, og så Skjåk idrettslag.

Trugne folk
Bråtå skilag hadde gjennom sitt «tilvære» mange trugne folk. Det er vanskeleg å skilja ut, men nokre som var med i aIle år må nemnast. Ingebrikt Skog er nok den som hadde lengst «tenestetid» i laget. Skog vart med i styret som skrivar i 1933. Vervet hadde han i 10 år sett bort fra året 1940 da han var formann. Etter 1945 var Skog med som tidtakar i mange renn, kanskje dei fleste, og var med som slik i siste rennet til laget «Oppnåsa rundt» i 1962.
   Ein annan trugen kar var Otto Partapuoli. Partapuoli tok til som aktiv laupar i 1934 og var i mange år av dei fremste på premielistene. Etter 1945 var Partapuoli med i dei fleste styrene og som nestformann eitt år. Den største og mest krevjande innsatsen gjorde Partapuoli som løypeleggjar og løypesjef. Her var han med i aIle år til siste slutt.

Pionerar og veteranar
Dei står nok i særklasse desse fire karane i Bråtå skilag: Sigurd Mork, Jo Storbråten, Magnus Storbråten og Trygve Øygard var alle aktive lauparar opp gjennom alle 1930-åra. Attåt var dei i stor mon med på å reisa laget og vart mykjegodt «grunnpilarar» og «fundament» under «bygget». Og desse fire vart av dei heller få som kom att og held fram i lag og løype etter 1945. Dei var alle med til langt opp i 1950-åra.
   Magnus Storbråten var ein av initiativtakarane til skipinga av Bråtå skilag, truleg den mest pågåande og ivrige. Storbråten var første formannen i laget og elles mykje med i styre og nemnder i åra framover attåt at han var med, og ofte den fremste, i løypa. Magnus Storbråten var kvalfangar i 1930-åra og var mykje ute. Han kom heim over Island i 1945 og vart med i skilaget på ny, både som formann og som aktiv laupar - like til han flytte ut av bygda. Skibakken var langt på veg Magnus Storbråten sitt verk.

På fest i Bråtå skilag
Det vart mange festar i Bråtå skilag gjennom åra. Etter omtrent kvart skirenn var det fest, og til større renn, til større fest. «Jøssdalsrenna» med tevling om «Handspikpokalen» og med Jostedøler i grenda var av dei større og «grommaste».
   Det var ikkje berre premieutdeling, traktering og dans på festane. Det høyrde med underholdning. Det kunne vera foredrag eller opplesing av bade dikt- og prosastykke. Underhaldarane var folk fra Bråtå, Nordberg, Skjåk eller andre bygder. På fest 10. desember 1933, truleg første festen i skilaget, held Mathias Bruheim foredrag. På festen til første «Jostedalsrennet» i Bråtå 18. mars 1934 held lærar Olav Austin foredrag. På denne festen: «Til slutt dans til det tok til å Ijosne av ny dag», heiter det i fylgje møteboka. Det var nok ikkje stengningsvedtekter for offentlege tilstellingar på denne tida. Det kunne og vera allsong på festane. Ofte var mange eldre med på festane, «generasjonsklufta» var ikkje «oppfunnen» enno.
   Og ramma rundt det heile var jentene, ofte bunadskledde og alltid finslege, var dei med for fullt. Mange har enno mange gode minne fra festar i Bråtå skilag for bort i mot 50 år sidan.

Formenn:
Magnus Storbråten
Jo Storbråten
Kåre Halvorsen
Håkon Ørjasæter
Trygve Øygard
Ingebrikt Skog
Hans Horten
Hendrik Partapuoli
Einar Plassen

Mange av dess var formenn i fleire valbolkar.

Skihistorier frå Bråtå
Eit utforrenn Ola J. Ytre Mork som var fødd i 1863, skulle vera god både på skeiser og ski. Det var vel heIst det siste han vart mest meister på, skog- og fjellmann som han var. Ein kan enno i dag høyra eldre folk fortelja om ein gongen han rende ned Styggehøa sør for Skauta eit stelle. Det var nok eit «veritabelt» utforrenn dette med ein hpøgdeskilnad på minst 500 og ned bratte fjellsia og vidare ned bratte, tett skogkledde lia til dalbotn. Det er fortalt at Ola tok rennet i stor fart rett ned i eitt, utan å stoppe eller hefta på. For utforkøyrarspesialister, alpinistar kalla, med hypermoderne utstyr frå topp til tå, er dette kan hende ikkje nokor bragd å utføra i dag, men skiutstyret til Ola var nok av det gamle, enkle slaget. Det var ski av furu med vyutåband og kanskje «travyu» attåt til bindingsgreier. Staven han brukte var nok ein sterk, velforseggjort fjellstav. Det har aIle dagar vore halde for eit stort meisterstykke dette «utforrennet» til Ola Ytre.

Gjorde ski med øks og kniv
Iver Mork var tømmerhoggar i Canada i sine unge dagar, det var kanskje i dei store Ontario-skogane. Det kunne koma uhorveleg store snøfall der ein gong i blant, og Iver og arbeidskameraten hans kom ut for eit slik; dei snødde fullstendig inne. Men «Iver fra Bråtå» var ikkje rådlaus. Han hadde vore ute ein vinterdag før og djupsnø var han så å seia vaksen opp i. Her var det berre ski som var brukbart til å koma seg ut av skog og innestengsle med. Ski hadde dei ikkje. Med berre øks ohg tollekniv som reiskap gjorde så Iver ski til seg og kameraten. Med dette«nyttelaga» og med det primitive utstyret kom dei to karane ut av skogen og etter «storgata» fram til «saloonen» i næraste by – dei var tørste etter strabasene. «Oss vekte uppsikt, folk ondra se’ da døm såg oss kåmå på desse rare gågreiene, døm ville kjøpe skiene og alltingen», fortalde Iver ein liten mannsalder seinare. Ski var ukjende i dei traktene på denne tida, det var snøsko, truger, som var brukt til å koma fram i djupsnø med.

På ski med unge på rygg og grautambar i hand
Det er over hundre år sidan nå at Hans Magnus Ørjasæter midtvinters kom på ski over fjella frå Geiranger til Skjåk. Han kom for å bli skulemeister i krinsane Åmot og Bråtå. Ørjasæter vart verande på garden Slette alle sine dagar, og i dagleg tale vart han heitande Ørjasæter. Han var god skilaupar. I «embets medfør» vart det mange skiturar mellom Bråtå og Åmot da han i lange tider «skula» annakvar veke i dei to krinsane.
   Det skulle vera «lag» i Horten, grannegarden sør og eit godt stykke ned for Slette. Det var truleg gravøl dette da det var midt på vinteren. Det hadde vore ei uverskule att i Bråtå og med det ubrøytt og veglaust. Nå var det at Ørjasæter med «linde» batt ein unge på ryggen, tok ein «graut» i kvar hand og på ski rende beinast frå gardsplassen på Slette og ned i Hortagarden. Ein kan synast det var dristig og vågal ferd dette med slik «førning» på rygg og i hender, men Ørjasæter viste nok kva han var god for på ski, og å vera med kvarandre i høve som her, ville dei same kor plundrasamt det var. Denne skisoga er vel heller lite kjend i dag, men er frå bra påliteleg kjelde.

Skistemna på Mysubytta i 1932
Det er over 50 år sidan nå at det var dette skirennet på Mysubytta. Det var første tevlinga mellom Jostedal og Bråtå om «Handspikpokalen». Det vart meir enn eit skirenn, attåt vart det stemne, fest og påskefeiring nord og vest i fjellheimen. Utruleg mange hadde teke seg fram til Mysubytta på ski på denne fine solblanke «fjellvårdagen». Ein kan mest seia at det kom «folk og fylje tå aIle slag» der. Det var same Johannes Partapuoli i den fargerike samebunaden sin. Liten og lettvint var han med over alt, med muntre tilrop, friske replikkar og kjappe svar - og det på eit målføre han var aleine om å nytte. Så i stor kontrast den ruvande Svein Kvitingen, sjølve «Sotkongen», han hadde som i så mange år før overvintra på Sota. Her ville han vera med, han likte åa treffa folk iblant, og idrett var han interessert i - allsidig som han var. Svein var ein aldrande mann nå, men framleis i god og fin form. Noka «tribune» var ikkje reist for «Sotkongen», det trongs ikkje, han tedde seg ut og var godt synleg lell, han var «hovudet høgare» enn andre, han Svein. Og Svein kom på utstyr og i mundering som høvde karen. Han kom stegande «synate» på lange, breie furuski, truleg sjølvlaga og med ein stav som var ein verkeleg, retteleg fjellstav. Lang og grovlaga som Svein sjølv. Fotmunderinga hans var kalosjer, «fotabla'e» på Svein var ovstore og dei største sko var for smø til han. Det kom fIeir, mest ungdom naturleg nok, mange jenter både frå Bråtå og lengre nede i bygda hadde stegi på ski og teke seg fram den lange løypa til Mysubytta. Det var stim og ståk og stell rundt hytta til Håkon H. Ørjasæter der startplassen for rennet skulle vera.
   Det var ein haug i nærleiken som var rein for snø, vårsola hadde tørka han og middagssola varma opp. Med masågrodde steinar og lyngtuver på var han eit retteleg uneleg stelle. Da lauparane hadde starta og var burte mellom haugane var det mange som samla seg og slo seg ned her. Opp fra ryggsekken til ein eller annan kom det så fram ei blekkanne, ein «dunk» med någå rart i, det var eit flytande fludium som vart kalla «Dernat». Det skulle vera ufarleg, vera udrikkande, men vart, iallfall av sume, drukke likevel, reine klare «seksånitti'n» meinte dei. Og nå vart dunken sendt rundt. AIle som ville og turde fekk ein sup og ein aldri så liten smak av det «sterke», det var ingen knussel her så langt inne i snø- og fjellheim og utanfor all folkeskikk som det var. Noko meir enn lått og løye med ein gapskratt i blant, vart det ikkje av dette. Det vart seinare laga ei vise om dette «Jøssdalsrennet» på Mysubytta. Og i visa vart alt som hende og gjekk for seg skildra og utmåla med brei pensel. Eitt vers hadde denne endestrofa: «Å donken gjekk haugen rondt». Det var nok «någå tå kvart» i ryggsekkane. Spelemannen i Bråtå på denne tida, Mathias Sygard, hadde hardingfele med. På festen om kvelden i hytta til Håkon vart det nok for første gong på Mysubytta dansa etter hardingfelemusikk. I det tømra åstakrommet klang hardingfelemusikken særs fint.
   Skistemna med fest på Mysubytta i det «Herrens år» 1932 var over og ute, men minnene har vore att fram til i dag - 50 år etter.

Skiskrøner etter han «Rasmus fra Bråtå»
Han Rasmus er den største skrønemakeren Bråtå har fostra. Rasmus hadde ein eigen fin og fascinerande måte å fortelja på slik at det vart harmlaust. I si eiga fantasiverd var han burti mangt, var med på mykje og kom godt frå alt. På ski var han ein einar og eit «unikum» - etter det han kunne fortelja. Han gjorde mange «bragder» på ski,og ei av dei likaste var nok storhoppet hans i Slettejordet. Rasmus tok tillaup fra åskanten sør og opp for Slette eit stelle, rende over mur, gjerde og veg ned i Slettejordet, tok sats på Storrøysa og i «uftbågå» høgt over mur med «hafeille» på tok han nedslaget pent og pynteleg på Hansåkeren i Morkajordet. Og ståande hopp vart det, han «landa» i laussnø til oppunder øyrene, kunne han fortelja. Hopplengda vart visst ikkje målt, men fram til i dag var det nok verdsrekord og «vel så det». Det var ingen til å døma hoppstilen, men den var truleg stilen til storhopparar som Tullin Thams og andre på denne tida. Det var nok skiflyging meir enn skihopp dette; Rasmus hadde det med å vera føre si tid i så mangt.
   Han hadde vore oppe i det «blå» før, han Rasmus. Han kunne fortelja at han som speidar, spion og spanar var oppe med flugemaskin over Svenskegrensa i 1905.
   Fallskjermhopp gjorde Rasmus ein gong i sine gutungdågå. Han var på Vestlandet som gjetargut. «E' va' så kavlideleg uvøren å dristog me' e' va' guttonje», brukte han å seia. Det var ein dag han kom med geiteflokken sin til ei bjørk som hang godt utover eit uhorveleg djupt og loddrett stup. Denne bjørka laut han klatre i, han kunne ikkje halda seg, laut prøva ut om han var slik at han ørde i høgda. Ørde gjorde han ikkje, men det hende någå som han ikkje hadde rekna med. Bjørka losna og utfor bar det med Rasmus og bjørka og rottorva og heile, heile greia. Ein skulle tru at nå var Rasmus ferdig med denne verda. «Men du store min og all verdens veonder!» Bjørka med det store rotflaket på tok til å verka som fallskjerm. Rasmus datt ikkje ned, men dala og med ei rottåg han fekk tak i styrde han seg ned til finaste landingsflekken djupt nede på sletta. Men Rasmus vart nå likevel heilt fastklemd og burte under ein haug av jord og torv, og svarte natta såg han inn i. «De' verste va' at e' kje kunne kåmå ette mæ' um e' va' dau heill levandes», sa han. «Ha' e' kunne røyvt på um dæ' så berre ha vore på ei stortå ha' dæ' enda gått an», la han til. Men så naus Rasmus og det vart nok reine «ukontrollerte utblåsinga» dette. Lufttrykket frå lunger og nasebor på han sprengde eit stort hol gjennom jord og torv til dagsljos og levande liv. «Det fyrste eg såg», sa Rasmus, «va' storbukken min som sto der høgt te' himils, 'n sto å såg ne'’ på me' mæ' hugude på skakke å mekra». Og nå samla Rasmus alle kreftene sine, sprengde heile jord-og torvgreia, kom ut, riste seg og var like god.
   Någå av det fine med Rasmus var at han aldri let skrønene sine gå ut over andre, da hengde han heller ut seg sjølv til løye, latter og ofte gapskratt.
   Her er det helst meisterskapen og karsstykka hans på ski som skal koma fram. Ein gong han og nokre andre reinsgjetarar etter endt dagsverk skulle renna ned fra Dyringshøa og heim, gjekk det «for seg». Rasmus brukte godskiene sine denne dagen, eit par ekstra håle og elles naugode ski av rogn han hadde laga seg. Dei tok åt likt ned bratte fjellsida og godt hallande lia. Rasmus på «godskiene» rende frå dei andre med ein gong, kom først ned, og nå hadde faren vorte såo stor at han fekk vanskar med å stoppe og stane. Han tok så til å renna rundt stugu og på den måten bremse ned litt etter kvart. Da han hadde teke første runda small det i lavedøra. Det var den første av dei andre som kom etter og stoppa på denne någå «hardnugne» måten. Da Rasmus hadde teke andre runda rundt stugu, small det på nytt i lavedøra. Det var den andre som kom og valde døra som «buffer» og sikker stoppemåte. Det vart visst fleire stugurunder og fleire lavdørsmell før alle var vel nede. Og nå fekk Rasmus eit «svare strev» med å få renska karane for snø. Dei hadde «rulla» og fått «peskane» sine stappfulle, men på han sjølv fanns ikkje eit fjom.
   Nord i Dyringslia dreiv Rasmus jaging og jakt på allslags «villvuru». Det kravla og kraup, hoppa og sprang og flaksa og flaug over alt nord i denne villmarka på hans tid.
   Rasmus hadde «spesialisert» seg på harejakt, og på ski kappsprang han med haren. Han tok til jaginga og jakta øvst oppe i lia med å få unnabakke på haren. Så vart det haren føre med Rasmus etter og på sidene rett nedover bratte lia, i sekundstrid som Rasmus vann for det meste. Det var tett, grov furuskog her den gongen. Dette hefta Rasmus, men ikkje mykje. Han hadde lært konsta med å sleppe ei ski på eine kanten av treet og å ta den hårfint inn att på den andre, og med det renne så beint som han ville. Ein gong han skulle renna ihjel ein hare på denne måten, kom han utfor noko. Det var ein særskild stor hare dette, han hadde vore i «kast med» den før,og umogleg som den var hadde han gjeve den særnamnet «Trollherr'ain». Rasmus hadde fått «draget» på han og det spøkte for eit hareliv. Men så laut Rasmus brått og uventa ta både Telemarksving og Christianiasving i eitt for å bråstoppe. Haren og haresporet var søkk burte. Haren hadde enten sokke ende ned eller fare rett opp i lause lufta. Det var nok helst det første, reddast Rasmus, han hadde vore borti «någå tå kvart» av slikt, og trollpakk og underjordingar hadde dreve spel med han før. «Hannfallen» og halvt redd vart Rasmus ståande å «glåme» rundt seg. Burt i ei svær kluftbjørk fekk han auga på noko. I klufta hekk «någå» som likna på hare. Han gjekk nærare og der hekk haren stokk, stein dau. Haren hadde i ørvæne og «reiddågå» gjort eit heilt ukontrollert kjempehopp og slik - og det til trollhare å vera - enda sine «dågå» på ein så ussel måte som å verta hengande i kluftbjørk. Rasmus kunne denne gongen med rusle heim med kjøtbør på ryggen, jegeæra i behald og med nye, gode røynsler på ski.
   Når ein hugsar Rasmus må ein hugsa ei strofe av diktaren Jakob Sande som er slik: «Hei! på deg feiaren Finkel, fattige grå optimist».

«50-årshistoria til Bråtå skilag» var utgjeve som eit eige hefte på 68 sider i høve 5o-årsdagen. Heftet er no ikkje lenger å få tak i, men tekst og bilete er attgjeve her.